Med saxofonen som hovudinstrument, men ein tilnærming som strekkjer seg langt utover det tradisjonelle, skapar Arnfinn Langesæter musikk som er både umiddelbart fengslande og suggererande repetativ. Oppvaksen i Hardanger, forma av både folketonar og farens platesamling, utvikla Arnfinn tidleg eit særpreg i spelet sitt – ein miks av nordisk stillheit og rå ekspressivitet. Han rører seg fritt mellom ei rekke instrument, noko som gir musikken hans eit særprega klangunivers. Etter studiar ved Griegakademiet har han i årevis vore ein sentral, men ofte lågmælt figur i Oslos jazzmiljø. Han har samarbeida med alt frå psykedelia-ensemblet The Harvey Steel Show til eksperimentell vokaljazz med Karoline Wallace og Tore Ljøkelsøy kvartett. I 2025 slepp han Koloni, sitt første album som bandleiar – ei samling melodiske komposisjonar der sterke tema møter hypnotiske, repeterande groove og ekspressive improvisasjonar. Musikken er både tilgjengeleg og utforskande, skapt for å dregje lyttaren inn, bit for bit.